Garasjebygget på Nes blir rivi.
Fyrst meldte Høgre at dei hadde snuddi garasjesaka etter medlemsmøte onsdag kveld - så trekte Ap sitt utsettingsforslag etter eit langt gruppemøte og stilte samtidig sine representantar fritt til å stemme det dei måtte ønske i saka. Så meldte rådmannen seg på med eit nye tankar......................
Dei som tidlegare har stått klart for rivingsvedtak i saka, var minst like klare i torsdagens kommunestyremøte. Representanten Tørrisplass (Sp) oppmoda kommunen til å revurdere sitt forhold til Nes Prestegjelds sparebank dersom dette bygget ikkje no vart rive .- han ville også gjera det. Han meinte at politikarane av og til må gripe inn i saker - og dette var ein av dei. Gudbrand Gulsvik (H) trudde på saksbehandlaren i kommunen i saka og sa at ein seriøs utbygger som Nes eiendom og Roar Jørgensen as ikkje kan opptre med munnlege løyver. Medlemsmøtet onsdag kveld hadde vore det best besøkte i sitt slag for Høgre og saka var klar for dei: Garasjen må rivast.
Ap ville utsette saka til etter kontrollutvalet hadde sett på den, men trekte dette forslaget etter eit gruppemøte der det også vart klart at partiet stilte kvar og ein fritt tilå stemme det dei ville idenne saka. Rådmannen kasta inn eit innspel der han ba kommunestyret vurdere eit par punkt som blant anna gjekk på ei juridisk vurdering av om kommunen har rett til å rive bygget og forhandlingar om riving og økonomi deretter.
Rådmannen ba om at han ikkje vart dregen inn i eventuelle forhandlingar med Nes eiendom då det har gått ein del rykter om hans rolle i denne saka.
Avstemminga ga som resultat at mindretalsforslaget om å rive vart vedteke med 17 mot 4 røyster - eit tilleggsframlegg frå Bygdelista om at formannskapet skal forhandle omkring økonomien, vart vedteke samrøystes. Ingen fremma forslag i tråd med det rådmannen hadde spelt inn i saka.
Debatten om dette og meir kan du høyre att fredag frå kl. 17.00











