Overskott på nesten 6 mill ved Hallingdal renovasjon.
Året 2005 vart eit eksepsjonelt godt driftsår for Hallingdal renovasjon noko som resulterte i eit overskott på nesten 6 millionar kroner - noko av det får kommunane attende.
Styreleiar i selskapet, Ole Bjørn Kleven seier at resultatet fyrst og fremst kjem av at HR har redusert kostnadane ved behandling av søpla. Kostnadane her har gått ned med nesten 6 millionar kroner noko som utgjer 15 % av budsjettet. ÅRsaka her er igjen store mengder rivnings - og bygningsavfall som HR no sorterer og sel vidare i staden for å putte alt i omnen.
AV overskottet kjem 911 000 kr frå den kommunale renovasjonen, og her vil venteleg pengane gå attende til kommunane som igjen må lag dei koma abbonentane til gode på eit eller anna vis. Kleven vonar at alle kommunane no byggjer opp eit fond slik Hol kommune har vedteke for på den måten å kunne halde jamne prisar på gebyra framover og unngå auke. REsten av overskottet kjem frå den konkurranseutsette innsamlinga av næringsavfall og det er venta at representantskapet vil setja desse midlane av til framtidige investeringar i selskapet.
Sist år vart det teke i mot om lag 23 000 tonn avfall i ulike fraksjonar ved Hallingdal renonvasjon - omlag 1000 kg pr innbyggar i Hallingdal!











