Geilo kneip siste plassen.
Det vart som så ofte før i KVM tett kamp om å gå vidare når Geilo 2 og Gol 2 møttest i siste kvartfinalen tyssdag.
begge laga samla veldig mange poeng gjennom runden, men Geilo tok tidleg leiinga og var på det meste oppe i 6 poengs leiing i forhold til Gol. Men då andre omgang var godt i gang viste Gol at dei slett ikkje var slegne enno og sanka poeng etter poeng. Då siste spørsmål skulle besvarast var leiinga til Geilo nede i eitt poeng - og dei kneip eitt til på aller siste spørsmålet og vann dermed med 2 poeng. Tevlinga går i reprise onsdag kl 15. Semifinalene går 14. og 28. mai. 14. mai: Nes 2. Dagali Skurdalen oppvekstsenter og Gol1. 28. mai: Geilo 2 - Leveld. Finalen er 4. juni











