Gol slo Geilo.
Nest siste innleiande runde i årets Kven veit mest? tevling er unnagjort og Gol tok skalpen til Geilo denne gongen.
![]() |
| Gol1: Olav Kvåle Myksvoll, Jørgen Hesla Berget, Hedda Mørk S Holm og Mari Resset Møllerplass.(reserve) |
30 meir eller mindre intrikate spørsmål venta deltakarane og GEilo tok tidleg ei to poengs leiing før Gol kom seg opp på same poengnivnået og det var uavgjort ei stund.
Men etter pausa viste Gol seg å vera noko meir sikker på diverse spørsmål enn det Geilo var og etterkvart vart det klart at dei hadde sikra sigeren. Dermed er det nest siste kvartfinalelaget klart - det siste blir klart tysdag 25. januar då Herad - Flå og Hemsedal møtest til dyst.
Tysdagens tevling høyrer du i reprise onsdag kl 1500

Laget fra Geilo skole: Karl Sandnes, Guro Pålgardhaugen og Dharskini Tharmarajan












