600 000 kr til reiselivsplan.
Rådmannen i Hemsedal rår politikarane til å satse 600 000 kr på utarbeidinga av reiselivssplan for kommunen.
Planen skal vera klar til vedtak midt i 2007 og styringsgruppa for prosjektet har sett på kva tema som bør sjåast nærare på i planen og det er desse:
Utviklingsperspektiv
• Korleis få familiar til å trivast og velje Hemsedal som destinasjon?
• Kva ynskjer kommunen i høve til lokalisering av utviklinga i reiselivet?
• Kva ansvar har kommunne i høve gode rammetilhøve for reiselivet?
• Utbyggingsplanar- utbyggingsavtalar; kva ynskjer kommunen, kven skal betale for tilrettelegging av infrastrukturen?
• Varme- og kalde senger; skal ein halde fram med fordelinga 70/ 30?
• Krav til kapasitetsutnytting
• Mangfald i plassering og kvalitet
• Estetikk i utbyggjinga, den arkitektoniske utforminga av turistbedrifter/ hytter.
• Sikring av rekreasjonsområde
• Aktivitetsanlegg, badepark o.l
Sysselsetjing
• Korleis kan kommunen bidra til betre heilårlege tilbod om arbeid til tilsette i reiselivsnæringa?
• Korleis lukkast med heilårs arbeidsplassar og heilårsturisme?
Service
• Fellesgodefinansiering for å betre servicenivået.
• Kvalitetssikre service
Samarbeid med andre næringar
• For kva næringar – og korleis – kan kommunen leggje til rette for vekst?
• Korleis kan kommunen bidra til vidare samhandling mellom grunneigarar og reiselivsnæring / andre næringar?
• Korleis leggje til rette for betre samarbeid med primærnæringa?
• Korleis leggje til rette for utvikling i skjæringspunktet reiseliv, mat og kultur?
• Korleis legge til rette for utvikling av andre næringar for å sikre arbeidsplassar i lågsesong.











