Lyttergave

 

Radio Hallingdal på FM, nettradio, smarttelefoner og nettbrett.

Hei! Godt nytt radioår. Radio Hallingdal går med friskt mot inn i sitt 35. år som lokalradio for Hallingdal og Nore og Uvdal. Me trivs godt med å vera «konge» på FM nettet, men det er svært viktig at du hugsar på at me i tillegg er på nettradio som du får inn på mobil, pc og nettbrett overalt. Kort og godt – me er der du er! Og  på DAB radioen din er me berre eit tastetrykk unna.

Gode støttespelarar blir viktigare enn nokon gong. Også denne gongen har me valt å sende brev til kvar og ein som har støtta oss gjennom siste åra i håp om at de heldt fram med det. Kampen for å overleva handlar ofte om pengar, dessverre!


Minstebeløpet er uendra, 200 kr og me takkar alt no for store og små bidrag. At dei kjem veldig godt med skal de ikkje vera i det minste tvil om. Radio Hallingdals programoversikt finn du i Hallingdølen. På nettsida vår www.radiohallingdal.no er det link til nettradioen vår. Hugs at du kan følgje med på lokale nyhende når som helst på nettsida vår eller på facebooksida  -  Radio Hallingdal!
Takk for at du støttar lokalradioen din! 


DU FINN OSS HER PÅ FM BANDET: Hol 106,7 • Hovet 105,6 • Sudndalen 104,1 • Geilo 107,9 • Skurdalen 104,9 Dagali 107,7 • Ustaoset 105,3 • Ål 106,7 • Vats/Leveld 104,5 • Torpo 104,1 • Gol 101,3 • Hemsedal 105,6 • Nes 102,9 og 107,8 • Flå 105,9 • Golsfjellet 103,8 • Nore og Uvdal 103,6, Rødberg 106,3

På nettradio og smarttelefon/nettbrett: www.radiohalllingdal.no Eller last ned appen Tunein.

 

Kontonummeret vårt er: 

2333 22 52283

 

Vipps 

584942


Tusen hjertelig takk ! 

Frivillig lyttergave - tvingende nødvendig....

 

 

 

Annonse:
ustekveikja

Siste nytt:

Siste innledende runde

Siste innledende runde

(20.01.2020 - 13:58)


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS