| 09.04.2007 - |
Geir joggar normalt 1 time kvar morgon.Ein dag kuttar han strekningen med 20 % og auka farten med 20%. Kor lenge joggar Geir denne morgonen?
|
|
Riktig svar : 40 min
 |
| 23.10.2006 - |
Ingrid møter nokre venninner på veg heim frå skolen etter at ho har gått ein fjerdedel av vegen. Dei tek følge i 500 m. Den siste tredelen av skolevegen går Ingrid aleine. Kor lang skoleveg har ho?
|
|
Riktig svar : 1200 meter
 |
| 24.05.2006 - |
Morten kjøpte pommes frites og ba om å få remulade på den. Det heile kosta 11 kr. Pommes fritesen kosta 10 kr meir enn remuladen. Kva kosta remuladen?
|
|
Riktig svar : 0,50 kr
 |
| 13.01.2006 - |
Talet 5 er slik at tre gonger tallet er ti mindre enn talet ganga med seg sjølv. Kva for eit anna tal har same eigenskapen?
|
|
Riktig svar : -2
 |
| 18.11.2005 - |
Kva er det minste positive heiltallet som er deleleg med alle tala frå 1 til 10?
|
|
Riktig svar : 2520
 |
| 19.07.2005 - |
I ei korg ligg det 121 kuler. Det er like mange kuler av kvar farge og det er minst to, men mindre enn 121 uliike farger. Trekk to kuler frå korga, kva er sjansen for at dei har same farge?
|
|
Riktig svar : 8,33 %
 |
| 22.06.2005 - |
Du går ut frå at sekundvisaren på ei klokke er eksakt på eit sekundmerke og eksakt 18 sekundmerker framfor timevisaren. Kor mange er klokka?
|
|
Riktig svar : 8.24
 |
| 13.04.2005 - |
To postive tal står i forholdet 7:3. Differansen mellom tala er 24. Kva er det største av dei to tala?
|
|
Riktig svar : 42
 |
« Tilbake |